Andre norske namn: Kublom
Blomane sit enkeltvis på hårete stilkar som kan vere ganske korte. Blada er litt ullhåra på undersida, men ikkje på oversida. Blada er omvendt eggforma som smalner mot stilken.
Etymologi: Namnet kjem av at den blømer når kyrne bør sleppast ut på beite. Namnet symre heng antageleg vis med sommar. Primula kjem av primus som tyder den fyrste (kanskje på grunn av at planten blømer tidleg).
Veksestad: Kusymre er ein kystplante som ikkje toler mykje vinterfrost, helst i lauvskog.
Utbreiing: Den finnes frå Aust-Agder til Helgeland.
Anna: Kusymre er fylkesblomen til Hordaland.