Den får lange, slanke stilkar med ei høg klase av ørsmå blå eller kvite blomar. Kvar enkelt blom er klokkeforma og kanta med kvite frynser. Blomeklasane åpnar seg nedanifrå og oppover. Blada er avrunda dersom ein ser dei frå utsida. Omlag 15 cm høg.
Veksestad: Perleblomen vert planta i Noreg både inne i potter og ute i bedet.
Planting: Plant rundt 12 laukar i ei 15 cm potte i vanleg blomejord eller laukfiber. La laukspissane stikka opp or jorda.
Stell: Planten trivst best i temperaturar frå 10-15°C. Planten vil ha fullt sollys. Planten skal vatnast slik at jorda vert heilt fuktig. Dei 3 øvste cm skal tørke mellom kvar vatning. Planten treng ikkje gjødslast. Laukane bør overvintra i 10 veker.