Avd. Spermatophyta : U.avd. Magnoliophytina : Klasse Magnoliatae : O.ord. Hamamelidanae : Ord. Fagales : Fam. Betulaceae : Slekt Betula

(apr-mai) Vanleg bjørk, vanlig bjørk (jul-sep)

Betula pubescens

Andre norske namn: dunbjørk, fjellbjørk, bjørk

Blada og raklane

20 m. høgt lauvtre. Greinene på vanleg bjørk er vridde og krokete, og henger ikkje ned. Dei er færre enn på hengebjørk og tjukkare. Blada er tannete og nervene på blada er hårete på undersida. Om hausten vert blada gule. Blomane blømer i mai-juni og er raklar. Hannraklane er hengande lange brune, medan horaklane er opprette, grøne og mindre enn hannraklane. Horaklane med fruktane vert hengande på treet utover vintaren. Då løysast dei og rakleskjell og fruktar løysner. Inntil 20m høgt tre

Etymologi: Det norske namnet Bjørk er nokså likt på mange andre språk, og alle tyder lyse eller skinne. Dette peikar nok på den lyse stammen. Betula var eit gammalt romersk namn på bjørk, pubescens tyder dunhåra. Vanleg bjørk kallast og dunbjørk og fjellbjørk. Dunbjørk kjem frå at unge kvister vanlegvis er hårete. I fjellet veks bjørka dei fleste stadar som skoggrense, derfor fjellbjørk.

Veksestad: Har små krav, veks på fuktige til våte, næringsfattige, sure, sandhaldande til myraktige stadar. Veks ikkje stadar med tørr luft. Lyselskande.

Utbreiing: Bjørk veks frå låglandet opp i fjellet (i Alpane til 2000 m.o.h.). Finnes i Sibir i reine bestander over store områder. Veks vilt i Mellom-, Vest- og Nord-Europa, Sibir, Kaukasus. I Noreg er den viltvaksande i heile landet. Ofte i rein fjellskog.

Bruk: Er god å brenne. Brenn varmt. Bjørkeaske reknast for å gje den beste luten til lutefisk. Det ytterste barklaget kallast never og er nyttig til mangt og mykje. Frå gammalt av er det brukt som underlag på torvtak, heile 7 lag!


1