Blomane sit i ein tett samling som kallast korg. Kvar korg er omgjeven av smale, grønlege og begerliknande korgdekkblad (svøpblad, høgblad). Dei kan vere hinneaktige, taggete eller ha mothakar. Blomane i korga kan vere av to slag, skiveblomar, som er røyrforma, og randblomar, som er tungeforma.