Blomane er små og sit i skjermer. Mange småskjermer kan sitte saman i ein storskjerm. Under desse skjermane kan det vere storsvøp og småsvøp. Storsvøp er blad (på ein måte begerblad) som sit under storskjermen og småsvøp sit under dei små skjermane. Stengelen er ofte hul med tydelege markerne leddknuter. Blada er dobbeltfinna eller flika, og bladbasisen er utforma som ei slire som er rundt stengelen.
Familien er stor med omlag 50 artar i Noreg og mange av dei er voldsomt høge. Dei har ein aromatisk lukt og smak og mange er voldsomt giftige.