Svartor vert oftast rundt 10 m, men kan verte opptil 20 m høg. Svartor blømer tidleg om våren med raklar. Hann- og horaklane veks på same treet. Hannraklane er lange hengande, medan horaklane er små ovale. Blada er spreidstilla, runde, oftast litt innbukta framme. På undersida er det brune hårduskar. Frukta er ei not som flyt på vatn. På røtene er det knoller med sopp som tek opp nitrogen frå lufta slik at blada kan vere grøne heilt til blada fellast.
Etymologi: Alnus var eit gammalt romersk namn på svartor. Glutinosa tyder klebrig og henviser til knopper og unge blad.
Veksestad: Svartor veks der grunnvatnet er høgt: Ved vatn, elver og strandenger.
Utbreiing: Nord til Nord-Trøndelag.
Bruk: Svartordved vart brukt som bildrivstoff, knott under siste verdskrig. Veden gjev meir varme enne gråor. Veden er hardare og fastare, og er og god til bearbeiding.
Anna: Svartor reknast til tre som likar varme. Oreblada er grøne når dei ramlar ned frå trea.